VIKTIG BESKJED TIL ALLE BLOGGFOLK!
Mi tid på denne bloggen er straks over. Klikk HER for å kome til min nye blogg. Der vil de få spennande og ikkje minst mange oppdateringar. Du har sjansen til å følge meg og mi venninne på språkreise til England, ved å gå innom http://juliesaevik.blogg.no 4.-14. juli. Høres det spennande ut, ta turen og bli med på nye eventyr!

Følger du meg vidare?
Eit barndomsminne
Då eg var 6-7 år, hadde eg ein ganske stor ''hobby'' om våren/sommaren. Eg og venninnene mine samla på ''gulldyr'' i små bokser. Vi sprang rundt i nabolaget å leita på alle blad. Det var om og gjere å ha flest den gong. Er det ikkje slik med alt når ein er liten?
Dette minnet kom eg på då eg gjekk tur ned i Toftestøda saman med mamma og Are ein dag. Der var masse gulldyr på dei grøne blada.


Har du eit barndomsminne?
VINN EIN SPLITTER NY HEADER!!
Her kjem ei lita konkurranse. Reglane er superenkle. Ein heilt tilfeldig bloggar, vinn ein splitter ny header!
Kva heiter dette skjelet?

CUPCAKES
Har lenge hatt lyst å prøve å lage cupcakes. Endeleg fekk eg sjansen! Dei vart veldig gode, men det var litt grisete å lage dei. Hadde takka ja til ei vaskehjelp etterpå, men når eg har ei mor i nærheita går jo det bra.



Har du laga cupcakes før?
Orkidè VS Ildtopp

Orkidè

Fylt ildtopp
Kva for ein av desse synst du er finast?

Linselus
Vår bjeffande helgagjest
Sidan farmor og Helge er så heldige at dei er i Geiranger i brullaup i helga, passar vi som sagt hunden deira, Tinka. Ho er ein bichon frisee, og eg trur ho er snart eit år. Når ho fyrst lyder, er ho eit ganske bra motiv for ein amatør-fotograf som meg.



Har du hund?
Oppskrift på glutenfrie pizzasnurrar
5 dl vatn
4 ss olje
1 pk fersk gjær
1 ss fiberhusk
1 ts salt
2 dl creme fraiche
200 g grov semper
800 g fin finax
2 ts bakepulver
Ei boks ferdig pizzafyll
1 pk riven ost
Egg til pensling
Varm vatn og olje til 37° og løys opp gjæra i dette. Visp inn fiberhusk og la det stå 5-10 minutt. Bland alt saman. Køyr så alt i miksaren i ca. 5 minutt. Dekk deigen, og la den heve i ca. 30 minutt.
Kjevl ut deiga med litt mjøl. Ha på pizzafyll og litt riven ost. Rull det saman til ei pølse, og del opp i passe stykker(2-3 cm). Legg stykka på bakepapir, pensle med ost, og ha litt ost på toppen. Steikast på 225° i 12-15 minutt.


Ut på tur, aldri sur
Eg, Kamilla og Are har nettopp komt heim frå ein tur med hunden vi passar i helga. Det er Tinka, hunden til farmor. Då vi kom heim, hadde mamma laga gode, glutenfrie pizzasnurrar til oss. Nam!






Har du hund, eller synst du der er bedre å passe hund av og til?
Kva synst du om bilda?
KONSERT MED ERIK OG KRISS


No har eg og Kamilla akkurat kome heim etter ein fantastisk kveld i Ulsteinvik. Vi var på konsert med Erik og Kriss, utekonsert på Rådhusplassen i pøsregn. Men det gjorde ingenting at det regna. Vi hadde kledd oss i boblejakker, og då fraus vi iallefall ikkje.







Konserten varte i to timar. Dei spelte dei mest kjende slagarane, pluss ein del meir ukjende for oss. Der var mykje hylande jenter, som gjerne ville ha autografar. Eg kjøpte den nye CD-en, og fekk den signert!

Då vi kom til Ulsteinvik ein times tid før konserten, gjekk vi berre bortover mot Rådhusplassen og prata. Då plutseleg oppdaga vi at Erik og Kriss med band gjekk rett ved sidan av oss. Dumme som vi var, gjekk vi ikkje bort til dei og tok bilder. Trur vi vart litt for sjenerte...
Har du vore på konsert med Erik og Kriss før?
ERIK OG KRISS-KONSERT NEXT
Då fer eg og mi snille bestevenninne snart til Vik på Erik og Kriss-konsert. Diggar dei virkeleg, og endeleg er dei her! Den private sjåføren vår, er mi snille mor. Eg har med kamera, så vert nok bilder når vi kjem heim.
Har du vore på konsert med Erik og Kriss før?

GIVE ME 100 EYES!
Eg fekk ein lur idè for litt sidan. Den idèen går ut på å lage ein video med minst 100 auger. Eg veit eg kan få til ein stilig video, men då treng eg hjelp frå deg som les dette!
Det einaste du må gjere for meg, er å legge ut eit bilete på din blogg. Gjerne skriv at du er med i dette "prosjektet", og link til innlegget ditt i kommentarfeltet under. Du treng ikkje å ha blogg, men då må du sende bilete til meg på mail (julie.savik@hotmail.com) og marker e-posten med AUGE.
Håper utruleg mange vert med på dette, så kanskje vi får fleire enn 100. Gleder meg virkeleg til å sjå alle dei fine augene eg får inn(alle som kjem inn, vert med på videoen). Den avsluttast om ca. to veker. Spre ordet alle saman!

Tim Berg - Seek Bromance
Tycks?
Selskaps-Outfit
No skal eg straks i selskap til den snille venninna mi Sunniva, som har bursdag i dag. Det vert nok kjekt! Her er outfiten for kvelden..

Øyredobbar - BikBok


Smykke - Gave | Klokka - Ebay.com | Tubetopp - BikBok | Singlett - BikBok | Høylivsbukse - Vero Moda
Kva synst du om outfiten?
SUPERDUPERSPENNANDE POST!
Som regel er det ingenting til meg i posten, men idag var det tre ting til meg!
1: Det mest spennande,var brevet frå STS. Her fekk eg vite kven som skal vere vertsfamilien min i Eastbourne i sommar. Det var ei dame med to ungar. Ho jobbar som symjelærar, og virka eigentleg ganske ung og sprek. I tillegg har dei reptiler til kjæledyr!!

2: Eg fekk nytt topp-blad, som eg får ein gong i månaden. I topp skal eg visst lese om årets hottaste bikiniar, og fåvite sommarens beste shoppingtips.

3: Det siste eg fekk, var eit brev frå kyrkja som handla om det å vere konfirmant. Som sikkert dei fleste veit, er eg det neste år. 
Får du ofte post?
''I'm fat, I'm single, I'm ready to mingle...''
Ølbriller - Erik og Kriss feat. BYZ
Kva synst du om den songen?
An Ordinary Tuesday
I dag har vore ein ganske vanleg tirsdag. Fyrst var det skule, deretter ein deilig soltime, og ein tur på cash og handla ei gave og nokre småting til rommet. Ikveld har eg vore med Henrik, Ane og Rebekka. Vi har høyrt på musikk, vore litt ute og snakka. Tru det eller ei.. Tidleg på kveld, var det faktisk opphaldsvêr! Men no regnar det litt igjen.... Så no er det berre å finne senga.
God natt alle saman!
Korleis har din dag vore?

Regntid i Herøy
Denne dagen skal det visst vere sånn at regnet drypp ned frå himmelen i ett sett. Då kan vi vere takknemlege for vi har tak over hovudet. Noko eg ikkje er like takknemleg for, er at vi har idrettsdag og grilling i fjøra istadenfor vanleg skule i morgon, på grunn av eksamen i munnleg eksamen på bygget. Det var ein luring som hadde komt seg inn på skulebygget tidlegare i dag, nærmare bestemt ei skjor. Eg forstår denne skjora veldig godt, eg. Ho også er jo eit levande vesen med følelsar, slik som vi mennesker.
Regnar det der du bur?


I'm Singing ''The Rose'' Of Bette Midler
Kika akkurat gjennom videoane som låg på videokameraet. Eg vart ikkje akkurat overraska då eg fann ut at pappa hadde filma meg då eg song. Det er ei god stund sidan, men eg kan vel vise den uansett for å få litt humor i bilete. Haha...
Kva synst du om videoen?
Vinnaren av diktkonkurransen

Her er vinnardiktet av konkurransen eg hadde for nokre dagar sidan. Jenta som skreiv dette diktet, er opprinneleg frå Kosovo og heiter Venera. Bloggen hennar kan du finne her. Skjerfet får du om nokre få dagar i posten.
Var ikkje diktet hennar bra vel?
Have a good night

Etter endå ein dag med fint vêr, er det på tide å legge seg til å sove før ein må opp tidleg på skulen neste dag. Nattinatt!
Himmelen er kunst!
Kom køyrande med den oystergrå volvoen vår i stad, og tenkte ''Oi, det var ein fin himmel!'' idet vi køyrde over den siste fartsdumpen før vi kom til huset vårt. Eg sprang opp trappa og rett inn på kjøkkenet for å hente kjæresten min, Canon EOS 400D, og då skal eg seie deg det var bilder...



Er ikkje himmelen fin vel?
VideoBlogg; Ein fin kveldstur i Toftestøda
Tidlegare i kveld låg Toftestøda bada i sol. Toftestøda er nede ved sjøen her vi bur, og det tek ca. to minutt å gå ned dit frå ytterdøra vår. Der er mange naust med båtplassar og fleire fine plassar å bade. Eg tok med videokameraet for å fange øyeblikket, og slik vart det:
Er her ikkje fint?
VIKTIG BESKJED TIL DE LESARAR!
Minner om at du kan vinne eit skjerf med leopardmønster i dikt-konkurransen min. Reglane er superlette, og konkurransen avsluttast mest sannsynleg i morgon. Eg treng litt fleire deltakarar før eg kan avslutte, så ver rask! Du kan melde deg på her:
http://juulieas.blogg.no/1307027165_konkurranse__vinn_eit.html
I Love Ice-Tea

Som mange kanskje veit, er eg veldig glad i iste. Ber alltid mamma om å hamstre nokre flasker/kartongar når ho er på butikken å handlar. Mamma er ganske lydig... I dag når det var så fint ute, tenkte eg at eg skulle ha ein test av Tine sine isteer. Dei sortane eg kunne finne på Spar, var desse; Svart te - Sitron, Kvit te - Guava, Grøn te - Lime og Svart te - Fersken.
♥ Svart te - Sitron
Frisk og god! Denne kan eg anbefale til dei som likar litt sure ting. Karakter; 4+
♥ Grøn te - Lime
Denne er ganske lik ''sitron-isteen'', men ikkje fullt så sur. Passar flott til eit grillmåltid eller ved siden av eit fat med frukt. Den er veldig god, synst iallefall eg. Ein ny smak for meg, som eg likte veldig godt! Karakter; 5+
♥ Kvit te - Guava
Dette er den eg likar minst, men den er god uansett. Tenk å ligge på ei solseng og berre nyte livet på ei krittkvit strand i Singapore, med parasollen oppe og ei flaske av denne i handa. Det må vere herleg! Karakter; 4
♥ Svart te - Fersken
Dette er min favoritt og har vore det lenge. Den er kanskje den med mest smak. Den er god å drikke åleine, men eg likar den også saman med mat. Den har iallefall vore med på alle tre tentamenane mine dette året. Karakter; 5+
Likar du iste?
Visst ja; kva er din favoritt?
I'm a boy today...


Eg er snart klar for selskap til Ane Sofie, og då skal vi kle oss som gutar. Har lånt kle med ein kompis. Det er vel ingenting å seie på kleda, men eg føler meg heilt klart vel som jente.
Tycks?
Dagens fangst
Har komt heim frå ein tur på Moa, eit kjøpesenter to timar frå her vi bur. Kortet til mamma vart mykje brukt, og det meste var visst til meg. Pizza på Peppes er god knall!

Genser frå BikBok, 299,- | Bukse frå Kappahl, 199,-

Skjorte frå BikBok, 299,-
Singlett frå BikBok, 129,- | Shorts frå Lindex, 249,-

Topp frå BikBok, 149,-

Topp frå BikBok, 199,-
Kva synst du om det eg kjøpte meg?
Kva har du gjort i dag?
Outfit 02.06.2011

Genser - H&M | Bukse - Modeca | Singlett - BikBok
Converse-sko - Baresko.no
Kva synst du om outfiten?
KONKURRANSE
Eg tenkte det var lenge sidan eg har hatt konkurranse på bloggen. Så no er det på tide! Reglane er superenkle, og her kjem dei:
♥ Lag eit norsk dikt, med tema ''Sommar''
♥ Legg det ut på bloggen din, i tillegg til at du legg ut bilete som er nedanfor her og linkar til bloggen min
Eg kårar vinnaren på søndag, og skjerfet med leopardmønster vert sendt ein av dei fyrste dagane etter det.

Er du med?
I have been to the dentist
Eg har slike tenner som ikkje blir lause og dett ut av seg sjølv. Difor måtte eg til tannlegen å trekke den siste mjølketanna mi, då den nye tanna alt hadde komt ut. Det ser ikkje akkurat så fint ut med to sett med tenner, så derfor har eg måtte trekt nokre før også. Då ho skulle trekke den, brotna ein bit av rota. Ekkelt, men ho seier det vil ordne seg sjølv.
Eg fekk ei lita boks til å ha tanna i, men Are har hatt den i eit glas med vatn og ventar på tannfeen. Haha, skal tru om han kjem!
Har du trekt tenner før?
Eg Tek Utfordringa!
1. Kva er namnet ditt: Julie
2. Ord på fire bokstavar: Joik
3. Gutenamn: Jonathan
4. Jentenamn: Julia
5. Eit yrke: Journalist
6. Farge: Jentefarge ^^
7. Noko du har på deg: Jakke
8. Mat: Jordbær
9. Noko på badet: Jerntablettar
10. Ein stad: Jølster
11. Grunn til å kome for seint: Julia-bladet holdt meg våken i går kveld
12. Noko du ropar: Jippi!
13. Filmtittel: ''Jelp, jeg har dysleksi!''
14. Noko du kan drikke: Juice
15. Ei musikkgruppe: Jason Mraz(artist)
16. Eit dyr: Jaguar
17. Gatenamn: Johannes gate
18. Bilmerke: Jeep
19. Songtittel: ''Just The Way You Are''
20. Eit verb: Å jage (Are)
Ovanfor har eg funne på ulike ting med forbokstaven i namnet mitt. Tek du også denne utfordringa? Då er du tøffare enn toget, for den var jammen ikkje lett!
Bloggaren på tur med pc'en i handa
Ungdommen lærer ingenting av leksene!
For nokre veker sidan fekk vi i norkslekse å skrive eit lesarinnlegg. Eg var veldig fornøygd med karakteren. Derfor tenkte eg at eg kunne dele det med de som les bloggen min. Enjoy!
Eg heiter Julie Almestad Sævik, er snart 14 år og elev ved Ytre Herøy ungdomskule. Eg har ein del på hjartet når det gjeld lekser eller ikkje lekser på skulane idag.
Det har dei siste åra vore dirkutert, både i aviser og på internett, om elevane i skulen bør ha lekser eller ikkje. Dersom ein ikkje har lekser, kan skuledagen vere ein time lenger. Ein får då gjort like mykje som om ein skulle hatt lekser heime. Lærarane må få fleire undervisningstimar, og politikarane må sørge for å betale dei.
Nokre elevar har foreldre som kan vere til god hjelp med leksegjeringa heime. Men slett ikkje alle er så heldige! Nokre må sjølv slite med arbeidet, og kanskje få anmerkning for ikkje å ha fått det til. Dette kan føre til dårlegare karakterar, som kan gjere det vanskeleg vidare i forhold til utdanning og jobb. Lekser er altså med på å forskjellsbehandle elevar.
Mange vil vel seie at dei som ikkje får hjelp heime kan gå på leksehjelp på skulen. Alle skular er vel pålagde å ha det no? Men med ein lærar eller i verste fall ein assistent og tjue elevar! Nei, då kan du like godt gå heim!
Eg sjølv er i den heldige situasjon, at eg har mange eg kan spør om hjelp når det gjeld lekser. Likevel er er ikkje sikker på at det er det eg lærer mest av. Kanskje hadde eg lært meir om eg hadde fått skuledag som varte i ein time lenger? Eg har også fått med meg at fleire forskarar, som til dømes SSB-forskar Marte Rønning, meinar det same som meg, og dei veit vel kva dei snakkar om.
Lekser har lite effekt for læring, og skaper stor skilnad blant elevane. Så til de politikarar som bestemmer: Ikkje gje ungdomskuleelevane lekser, gje heller lærarane fleire undervisningstimar og meir lønn!
Kva synst du om akkurat dette temaet?
Bør elevane ha lekser eller lenger skuledag?

Ein perfekt mandag!
Denne dagen har faktisk vore ganske bra. Mattetentamen som gjekk passe bra, og så var det berre chill resten av dagen. For å seie det rett ut, har eg jobba med matte i nokre timar, spist godteri, spelt gitar og panta flasker. Det er det einaste eg har gjort i dag! Vi har ikkje lekser, og det er berre to dagar igjen til helg. Eller, vi har ein vanleg skuledag, og ein engelsktentamen. Så er det helg! Lsnghelg in my ♥

Photo // Weheartit.com
Har dagen din vore fin?
Pictures of Vårsøg Hotel


Resepsjonen / Kulturhuset

Scena der det var rocke-konsert (ved resepsjonen)

Brua mellom kulturhuset og hotellet

Eit av opphaldsromma.. Sjekk det kule taket, folkens! Sånn skal eg ha i huset mitt når eg blir stor.

TV-rommet

Eit av romma, med snømotiv bak senga. Alle romma i den nye delen av hotellet har eit namn med eit tilhøyrande bilete og dikt.

Sjekk dei kule vaskane på toaletta.. Sånn skal eg også ha når eg vert stor!
Har du vore på Vårsøg Hotell i Surnadal før?
Synst du der var fint?
Dagen på Vårsøg Hotell
Dagen starta med ein deilig hotellfrukost, der ALT var glutenfritt. Så var vi unge på Øye stadion og heldt på med uteaktivitetar medan gamlingane høyrde på foredrag om cøliaki. Deretter var det lunsj. Også her var ALT glutenfritt. Faktisk er ALL maten her heile helga, glutenfri. Eg åt nokre fantastiske kjøttbollar med potetstappe og kaker til dessert. Alt saman smakte vidunderleg! Eg er så mett eg held på å sprekke. Er det rart?
Etter maten, var eg saman med eit par andre jenter på same alder som meg. Vi spelte idiot, heldt på med badminton og gjekk ein tur på Amfi, det lisje kjøpesenteret her i Surnadal. Eg kjøpte faktisk ingenting!
No har vi akkurat vore på ein kul rockekonsert med to lokale ungdomsband. Dei var flinke!



Har du hatt ein fin laurdag?
Cøliaki-samling i Surnadal
I dag ankom vi Vårsøg hotell i Surnadal klokka seks, etter mange timar med bil. Køyrte litt feil her og der, så kom fram ein halv time seinare enn vi skulle. Med det same vi kom, var det presentasjon av personane som er her. Vi er her med Norsk Cøliaki Forening (Møre og Romsdal) og skal vere her til søndag, for dei som ikkje veit det.
Seinare på kvelden var det nydeleg middag, og NorskeTalenter-finale på stor skjerm(heile veggen). Eg vart fornøygd med vinnaren, uansett om eg ikkje har sett så mykje på det. 




Korleis har dagen din vore?
HaHaHa..
I dag er eg i det morosame hjørnet. Her kjem noko å le av....
Gutt: Alle faller for meg O.o <3
Jente: det er bare fordi du liker å ta ut foten din når noen går forbi.. -.-
Unnskyld meg, men hvor mye veier du UTEN brunkrem?

Morsdag, farsdag og søndag.... når kommer datterdag?!
- Oi, er det barn på fjortisfylla?
- Nei, det er bare 97erne som akkurat har kjøpt redbull :)

1 røyk forkorter livet ditt med 2-3 minutt, en øl forkorter livet ditt med 5 minutter, facebook forkorter alle dagens ungdommer med 24/7
To rumper skulle over en vei...
Rumpe 1: Skynd deg!
Rumpe 2: Jaja kommer
Rumpe 2: blir påkjørt
Rumpe 1: Haha, nå ble du Rævkjørt
Man sier en god latter forlenger livet. Men jeg holder på og dø hver gang.
Because Of You
Vad tycks ni?
Nynorsk Tentamen - Finished
Har nettopp komt heim frå nynorsk tentamen, og synst det gjekk bra. Det var litt vanskeleg å velge kva oppgåve eg skulle skrive, men klarte det til slutt. Vi kunne velge mellom eventyr, lesarinnlegg, stil, dagbok og noko til. Eg skreiv ein stil på to sider som handla om ei jente med strenge foreldre og ein gut som dreiv med narkotika. Oppgåvene gjekk også bra, så eg håper på ein god karakter.
Om nokre timar skal eg på song, så får eg sjå korleis dagen blir etter det. Skal mest sannsynleg ta sol saman med Kamilla etterpå.
Har du hatt nynorsk tentamen?
Foto // Weheartit.com
Dagens gode og sunne kveldsmat

Fruktsalat; Eple, jordbær, vannmelon, druer og pære. Nam!
Såg det ikkje godt ut?
God natt blogg-Norge!
Denne dagen har gått i eitt. Eg er no nydusja og klar til å legge meg, god natt!

What's your favourite?

Familien min er veldig glad i smågodt. Det kan vi ikkje legge skjul på! Kvar laurdag har vi alltid ei stor skål på bordet. Men innhaldet er litt forskjellig, alt etter kven det er som har handla. Mamma elskar dei seige og sure, mens vi andre gjer ikkje det. Pappa elskar sjokolade, eg elskar alt det søte og Are elskar lakris. Svært sterk lakris, spør du meg! Eg tåler ikkje lakris, så den må han ha i ein pose for seg sjølv. Men ein ting er iallefall heilt sikkert; Smågodt er ein sikker vinner her i heimen!
Kva er din favoritt; salt, surt eller søtt?


Her har mamma lurt pappa til å smake på noko grusomt surt..

Photos; Pink Flowers



Vad tycks ni?
Ver deg sjølv..
Eg er ikkje modell, ikkje mest jålete eller mest gutete, ikkje deiligast, ikkje penast, har ikkje den perfekte kropp, og er neppe gutanes fyrste valg. Men eg er meg sjølv, og nyt kvar dag eg endå har, og det finst definitivt ikkje ein til som meg! Kopier denne teksten om du er awesome nok til å vere deg sjølv.

Monday Morning
Så er helga over, og vi er klare til atter ei ny veke. Det er faktisk berre to heile veker igjen, av dette skuleåret! Dei andre vekene er berre halve, og då føles det ikkje akkurat ut som skule. Eg veit ikkje så mykje spennande som skal skje denne veka, men til helga skal vi iallefall på tur til Surnadalen. Vi skal på den årlege samlinga med cøliaki-foreninga, og det kjem til å bli kjempekjekt. Ha ein fantastisk dag alle saman!
Har du nokre planar for denne veka?
Fra mamma sitt kleskap til mitt
No har eg akkurat vore i kleskapet til mamma.Der fann eg to jakker, som no har vorte mine. Den eine er ei lyseblå Diesel-jakke, og den andre er ei kvit og mørkeblå Jean Paul-jakke. Kan aldri hugse mamma har brukt dei, for å seie det på den måten... Men ho seier at den kvite har ho brukt mykje.
Kva synst du om jakkene?
Kunne du gått med desse?



